Totens framtid
|
|---|
| Totning kom! | Toten idag | Toten som var |
|---|
Fra Olaf Nøkleby til kommunen:
Olaf Nøkleby
Evang
2850 Lena 30. mars 2008
Østre Toten kommune
2850 Lena
KOMMUNEPLAN FOR ØSTRE TOTEN 2008 – 2020, AREALDELEN
HØYRINGSUTTALE
I høyringsdokumentet er det fleire stader streka under kor viktig det er for kommunen
Kommunen skal ta utgangspunkt i nasjonale og regionale føringar for planarbeidet, m.a. jordvernstrategien for Oppland 2007 – 2011. Gjennom jordvernstrategien sin fordrar fylkeskommunen at kommunen legg desse punkta til grunn for planarbeidet:
I høyringsdokumentet blir det sagt at ”Østre Toten kommune har et særlig ansvar for å forvalte et av landets beste jordbruksområder”.
Sentrale styresmakter har sett nytt fokus på jordvernet, m.a. ut frå desse enkle kjennsgjerningane:
Eg vil minne om Stortingsmelding nr 19 1999-2000 om norsk landbruk og matproduksjon, der det mellom anna står at ”arealgrunnlaget med jordsmonnet er den naturressursen som sammen med vann og luft er det viktigste grunnlaget for biologisk produksjon og mangfold. Disse ressursene er avgjørende for menneskets eksistens.”
I brev frå februar 2006 skriv Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet til kommunane m.a.: ”Jordvern handler om å sikre grunnlag for matproduksjon i et langsiktig perspektiv. I en verden med kraftig befolkningsvekst vil matforsyning og matsikkerhet by på store utfordringer framover. Våre etterkommere skal også dyrke egen mat på egen jord.”
I juli 2007 sa Riksrevisjonen m.a. at ”arealutviklingen i Norge er på flere områder i strid med Stortingets mål om en bærekraftig arealdisponering.”
Rapporten ”Klimaskifte for jordbruket” vart lagt fram for landbruks- og matministeren 8. januar 2008 av eit tverrfagleg samansett ekspertutval. Rapporten inneheld fleire nye tiltak for å styrke jordvernet. Det blir mellom anna teki til orde for å skaffe heimel for vern av areal med høgt potensial for matproduksjon.
I Noreg er under 3% av landarealet dyrka jord. 97% er udyrka. Sjølv på Østre Toten, ei av dei mest sentrale jordbruksbygdene i landet, er det berre litt over 20% av arealet som er dyrka jord, innpå 80% er udyrka. Det burde ikkje vori så store planleggingskunsta å finne tilstrekkeleg og godt eigna utbyggingsareal innanfor dei 97 (landet)/80 (kommunen) prosentane av arealet som ikkje er dyrka.
I innleiinga til arealdelen i kommuneplanen blir det gitt uttrykk for at jordvernet står sterkt. Det kan virke som planleggarane set jordvernomsyn framom andre ting, slik vi lyt gjera, skal vi tenkje på generasjonar som kjem etter oss, og ikkje prioritere kortsiktige ønske om nedbygging og profitt.
Dette bildet slår stygge sprekkar når vi kjem til dei konkrete planane, særleg for Lenaområdet.
Arealnyttinga i kommuneplanen er i ikkje liten grad bestemt av Statens Vegvesen. Traséen for ny riksveg 33 frå Lena til Skreia vart trekt opp for omkring 30 år sidan. Det kan knapt seiast at denne traséen ivaretek ønsket om at ”sammenhengende areal med god jordkvalitet må vernes mot nedbygging og oppdeling”.
I Lenaområdet er ikkje uvesentlege areal dyrka jord av svært god kvalitet sette av til utbygging. Det gjeld L3, L15, L16, L29, L36 og L37. Utanom L37 høyrer alle desse områda til ”sammenhengende areal med god jordkvalitet”.
Rundt Lena opererer planleggarane også med ein ”grøn strek” som viser kva for areal planleggarane tenkjer seg skal gå med til utbygging i Lenaområdet dei neste 50 åra. Store areal dyrka jord ligg innanfor denne ”grøne streken”.
Som eigar av gnr 182, bnr 1 m.fl., vil eg be om at
Reint generelt vonar eg kommunen vil følgje opp eigne jordvernintensjonar betre enn det som er gjort i dette høyringsdokumentet. Når kommunen kjem med framlegg om å omdisponere ca 355 dekar dyrka jord og ca 552 dekar dyrkbar mark, står ikkje det i stil med Soria Moria-fråsegna, der det står: ”Norsk matjord er en begrenset ressurs som det er et nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkommere.”
Med helsing
Olaf Nøkleby

Olaf Nøkleby
Evang
2850 Lena 18.september 2008
Østre Toten kommune
2850 Lena
KOMMUNEPLAN FOR ØSTRE TOTEN 2008 – 2020, AREALDELEN
HØYRINGSUTTALE
Eg viser til revidert utkast til kommuneplan som er lagt ut på heimesida åt Østre Toten kommune.
Eg viser òg til brev frå meg til Østre Toten kommune 30. mars 2008.
I brevet frå 30. mars konkluderte eg slik:
” Som eigar av gnr 182, bnr 1 m.fl., vil eg be om at
Reint generelt vonar eg kommunen vil følgje opp eigne jordvernintensjonar betre enn det som er gjort i dette høyringsdokumentet. Når kommunen kjem med framlegg om å omdisponere ca 355 dekar dyrka jord og ca 552 dekar dyrkbar mark, står ikkje det i stil med Soria Moria-fråsegna, der det står: ”Norsk matjord er en begrenset ressurs som det er et nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkommere.””
Ved revideringa av utkastet til kommuneplan har kommunen teki omsyn til punkt 3 i brevet mitt frå 30. mars 2008. Punkt 1, 2 og 4 har ikkje planleggarane i kommunen funni grunn til å ta til følgje. Eg vil ta oppatt merknadene 1, 2 og 4 ovanfor, og ber om dei blir vurderte på ein seriøs måte.
Eg går òg ut frå at brevet mitt frå 30. mars og dette brevet følgjer saka ved vidare behandling. Politikarane i kommune og fylke bør snart ta sine eigne utsegner om jordvern på ålvor.
Eg vil til slutt vise til ein kronikk tidlegare statsminister Kåre Willoch hadde i Nationen 18. september 2008. Der skriv Willoch mellom anna:
”Det er ikke meget Norge kan gjøre med verdens matsituasjon. Men både moralske og realpolitiske grunner taler for at vi i hvert fall bør ta vare på den evnen til å produsere mat som vi ikke allerede har ødelagt. Dessuten kan vi ikke være så sikre på at de som har mat til eksport, i fremtiden vil være like opptatt av å selge den til oss som de har vært hittil. Vi må stanse en utvikling som har ført til at siden siste verdenskrig sluttet er 1 million dekar av Norges dyrkede og dyrkbare jord bygget ned – ødelagt for alltid. Fortsetter nedbyggingen av de beste arealene i samme takt, vil vi om 40 år ha ødelagt 50 prosent av matkornarealet vårt.
Henvisninger til at man samtidig har dyrket opp så meget nytt land at summen av dyrket areal i Norge er opprettholdt omtrent uforandret i de siste generasjoner, er i denne forbindelse grovt villedende. Det som har skjedd er jo at man har ødelagt meget av de beste arealene, og samtidig dyrket opp ny jord med langt lavere produktivitet. Dermed er også reserven av dyrkbart land kraftig redusert.”
Med helsing
Olaf Nøkleby
| Totens framtid | Toten idag | Toten som var |
|---|